Aktivitetar for vaksne
Arrangøren vil i samarbeid med reiselivslaget og lokale lag og bedrifter gje tilbod om aktivitetar for vaksne. Her er ein smakebit på kva vi kan tilby:
- Konsert på laurdag.
- Kulturvandring på Gamle Lærdalsøyri.
- Fjellfiske Fiskekort på Aurlandsfjellet. Flott fjellaurefiske i praktfull natur, ein halve time frå sentrum.
- Borgund stavkyrkje og dei historiske vegar. Ein halv times køyring frå sentrum finn du Borgund stavkyrkje frå 1150, no med nytt nasjonalt visningssenter. Kyrkja er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kombiner kyrkjebesøk med ein vandring på Vindhellavegen og Sverrestigen - historiske turvegar i praktfull natur.
- Andre attraksjonar i Lærdal og Aurland Margarethastova på Filefjell, Otternes Bygdetun, Aurlandsdalen, Frønningen, Lærdalstunnelen, Flåmsbana, Galleri Vinjum, Undredal Stavkyrkja
- Aktivitetar Sognefjord sykkelrute, Rallarvegen, båtturar, golf, tennis, strandvolleyball, trøbilutleige
- Kafé og serveringstilbod
For meir informasjon/brosjyrar/fiskekort/turkart etc.
Aurland og Lærdal Reiselivslag

